Skattedirektoratet 8 January 2016 (Meirverdiavgiftslova § 3-11 - Omsetning av tilfeldige massar i byggebransjen – Skattedirektoratets fellesskriv av 8. januar 2016)
Also known as
Norway · · · 18-01-2016
Prinsipputtalelse
Publisert: 18.01.2016
Avgitt 08.01.2016
Det vert hevda at det er ein utbreidd praksis at verksemder byter entreprenørtjenester mot fjellressursar utan at det vert skrive faktura for dette. Byggherren går då med på å senke terrenget og let entreprenøren bruke overskuddsmassen i andre lokale byggeprosjekt, mot at pengevederlaget for entreprenørtenestene vert reduserte. Norsk Bergindustri legg til grunn at ein slik praksis ved omsetning av tilfeldige massar verkar konkurransevridande i høve til dei stasjonære pukkverka.
Skattedirektoratet viser til at det føreligg plikt til å svare meirverdiavgift ved omsetning av rett til å ta ut jord, stein og andre produkt av grunnen, jf. meirveridavgiftslova § 3-11 andre ledd bokstav g. Også byttehandel der vederlaget består i anna enn ordinære betalingsmiddel er rekna som omsetning, og Skattedirektoratet legg difor til grunn at den omtalte praksisen vil vere i strid med meirverdiavgiftsreglane.
Vi ber om at skattekontora følgjer opp dette overfor dei næringsdrivande."
Read the full text
This document is published by skatteetaten.no.
Moonlit adds the citation network, article-level links and cross-references, which are available to search for free.
Sign in to Moonlit